Sverre arbeidde innafor museums- og kulturvernarbeidet på Røros. Han nytta illustrasjonar og kunstnarlege uttrykk for å formidle lokal kulturhistorie.
Han er blant anna kjend for utforminga og oppbygginga av utstillingane med levande modeller i Smelthytta (Rørosmuseet).Sverre bemerka ei tid før han døydde at han endeleg hadde lagt grunnlaget og no kunne starte det verkelege formidlingsarbeidet. Han etterlot seg eit enormt papirmateriale, både tekningar og tekst.
 
Allereie frå ung alder teikna han hus og gamle gjenstandar, og samla ord og uttrykk frå røroskulturen. Som tolvåring kom interessa for lokalistorie og museumsarbeidet til å ta det meste av tida utanom skola.
Sverre voks opp på Røros i et tradisjonelt bonde- og bergmannsmiljø, med foreldre, bestemor og en eldre bror. Om våren flytta dei til seters med to kyr.
 
Ut frå hans kunnskapar etter mange års studiar av gamle kart, teikningar, fotografiar og branntakstbeskrivingar??, samt intervju med eldre folk, kunne han med stor nøyaktigheit attgi og kartleggje korleis Bergstaden såg ut frå omlag 1850. Og med ein godt kvalifisert og truverdig aning/ antaging av tida før 1850. Sverre A. Ødegaard 1947-2002
 

Ødegaard var elev ved Nansenskolen på Lillehammer (1967-68). Undervisninga omfatta filosofi, litteratur og kunsthistorie. Han tok dessutan del i seminar for kunstutdjuping i norsk og framande kulturar. Han fekk også undervising hjå målaren Olav Vaagen.
 
Ødegaard var utdanna ved målerlinja på Statens handverk- og kunstindustriskole i Oslo (1968-72).
 
Frå 1972 arbeidde han innafor museums- og kulturvernarbeidet på Røros der utforming og oppbygging av det nye Rørosmuseet med "Smelthytta" som sentrum var hovudoppgåva.
 
 
For blant anna det her arbeidet har Ødegaard mottatt:  
 
-Røros kommune sin kulturpris (1975).  
 
-Midt-Nordisk kulturpris (1985).
 
-Sør-Trøndelag fylke sin kulturpris (1986).
 
-Det kongelige Norske Videnskapers        
Selskabs minnesjetong i sølv.
 
-Institusjonen Fritt Ord sin honnørpris (1993).  
 
-Fra nyttår 2002 fekk han innvilga Statens       garantiinntekt for kunstnarar.
 
 
   rorosvy@gmail.commailto:rorosvy@gmail.comshapeimage_4_link_0