Føremålet til RørosVy er å forvalte og synleggjere Sverre Ødegaards arbeidar, og gjere kjent hans idear om kulturarbeid.
Sverre nytta blant anna bildande og kunstnariske uttrykk for å formidla lokal kulturhistorie. Han er truleg mest kjent for utforminga og oppbygginga av utstillingane med levande modellar i Smelthytta (Rørosmuseet).
Sverre Ødegaard gjekk bort 15. juni 2002. 
Han etterlot seg mengdar av illustrasjonar, tekst og anna kunst, alt med hovudvekt på Røroshistoria. Mange savne sverre si røst, fordi han var ein så viktig kunnskaps-formidlar. Han hadde ein heilskapleg oversikt som truleg ingen anna kan tilleggja seg. Eg har teke opp at nokre av tråene etter far min, fordi det har vore mange sitt ønskje. Sjøl om eg ikkje har same kunnskap, oversikt og djupne, ønskjer eg, så langt eg evnar, å vidareformidla og halde i live Sverre si røst. Eg vil føre vidare hans forståing for historisk kunnskap og viktigheita av den, både for enkeltmennskje og for samfunnet.

Sverre skrev i heftet “Vern og pleie av ein historisk arv”:
”Kunnskapen som ligg i arven vår frå fortida kan ingen folk vere utan! 
Miljø, bygningar og andre lause og faste minne frå fjern eller nær fortid, gir oss kunnskap og kontakt bakover på ein direkte måte. Vi får forståing og syn for eigen situasjon, sosialt og kulturelt. Vår eigen identitet, sjølrespekt og forankring er nær knytta til medvitet om bakgrunn vår, og tyder mykje for trivnad og sosial tilpassing.”

Hans syn kjem vidare også til syne i eit intervju i Ukeadressa 25. Mai 1985.
Der han seier:
”-Vi treng historia og det historiske miljøet omkring oss:
Vi treng kulturminna, både materielle og imaterielle.  Kunnskapen som knyttar oss til kulturminnet er viktig: Utan den vert det fysiske taust eller uklart for oss. 
-Vi bør kjenne vår eigen lokalkultur, vere medviten om den som ein feles identitet. Utan ei slik tilknytning vil det føre til frammandgjering. Kulturen gir oss perspektiv på vår eiga verd, og med det andre kulturar. For å få respekt for andre folkeslag og kulturar må ein ha respekt for og tru på eigen kultur!” 

Eg tek gjerne imot oppdrag, i form av f.eks: føredrag og lysbildevising.

rorosvy@gmail.commailto:rorosvy@gmail.comshapeimage_2_link_0
 
Foto av Sverre: © Ingrid Eide